LOVER FOR SOGNDAL OG OMLAND HUNDEKLUBB
Vedteke på ekstraordinær generalforsamling
01.06.2006,
Gjeldande frå 01.01.2007
KAPITTEL
1
-
NAMN OG FORMÅL
§
1 Namn
Klubben sitt namn er Sogndal og
Omland Hundeklubb. (Her forkorta til SOOH).
§
2 Tilknytning
SOOH er
medlemsklubb i Norsk Kennel Klubb (NKK).
§
3 Formål
Klubben sitt formål er å innafor kommunane Sogndal og Leikanger
a)
fremje eit godt og ansvarleg
hundehald i samfunnet
b)
fremje muligheitene for
aktivitet med hund
c)
skapa eit godt miljø og
forståing for hundehald
d)
ivareta medlemane sine felles
interesser
KAPITTEL
2
-
MEDLEMSKAP
§
4 Medlemskap
Alle uberykta personer kan verte
medlem av klubben. Styret kan nekte å ta opp som medlem personar som ein antar
kan skade klubben og/eller hundesaka.
§
5 Medlemskontingent
Kontingenten vert fastsett av årsmøtet etter forslag frå styret.
Medlem har ingen rettigheiter før kontingenten er betalt.
Styret kan stryke som medlem
personar som er skuldig kontingent for meir enn eitt år.
§
6 Medlemane sine plikter
Medlemane er forplikta til å følgje
klubben sine lover, reglar og retningsliner. Medlemane forplikter seg også til
å opptre på ein slik måte at klubben sitt formål og anseelse vert fremja.
Medlemskontingenten skal vere
klubben i hende i rett tid. Medlem som ikkje har betalt skuldig kontingent
eller som ikkje har regulert anna mogleg gjeld i høve klubben til rett tid, kan
ikkje påberope seg rettigheiter i klubben.
§
7 Opphør av medlemskap
Medlemskap i klubben opphører ved:
a)
utmelding
b)
strykning beslutta av klubben
sitt styre på grunn av manglande kontingentbetaling og/eller anna uregulert
gjeld til klubben
c)
Strykning på grunn av manglande
betaling av grunnkontingent til NKK
d)
Vedtak om strykning av
medlemskap beslutta av klubben sitt styre
e)
Vedtak om strykning av
medlemskap i klubben beslutta av NKK sin Disiplinærkomite
f)
Vedtak om eksklusjon beslutta av
NKK sin Disiplinærkommite. Medlemskap opphører da i alle NKK sine
medlemsklubber.
§
8 Disiplinære reaksjoner
(
felles for alle klubber)
Personar som er ekskludert utan
tidsbegrensning av NKK sin disiplinær kommitè kan ikkje takast opp som medlem
igjen i nokon klubb utan disiplinærkommiteen si skriftlege aksept på dette.
Klubben sitt styre kan advare,
anmode om å uttre, utelukke for begrensa tid eller stryke eit medlemskap for
begrensa eller ikkje begrensa tid.
Strykning av medlemskap må
avgjerast med minst ¾ fleirtal av fulltallig styre.
Personar som er nekta å takast
opp eller stroke som medlem kan anke vedtaket inn for NKK sitt Appellutval.
Anken må sendast seinast 14 dagar etter at vedtaket skriftleg er meddelt
vedkommande. Den som anker må også erklære at avgjerdsla i Appellutvalet vert
godteke som endeleg og inappellabel.
Styret har plikt til å gjere
merksam på ankeinstansen, tidsfrist og at Appellutvalet si avgjerd er endeleg
og bindande.
§
9 Æresmedlem
Styret kan på årsmøtet foreslå
at medlemar som er særleg fortjent kan utnemnast til æresmedlem i klubben.
Avgjerd om æresmedlemskap må vedtakast med minst 2/3 fleirtal (kvalifisert
fleirtal) av dei avgjevne stemmer og votering må skje utan debatt. Æresmedlem
betalar ikkje kontingent til klubben.
Styret kan påskjønne personar
som har ytet klubben spesielt store tenester i ei særskilt sak eller på eit
særskilt felt. Desse vert tildelt heidersteikn.
KAPITTEL
3
-
ORGANISASJON
§
10 Klubben sine organer
a)
Årsmøtet
b)
Ekstraordinært årsmøte
c)
Styre
d)
Valkomite
§
11 Årsmøte
Ordinært årsmøte skal haldast
kvart år innan 1.mars. Styret skal sende innkalling til ordinært årsmøte til
medlemane med minst 3 veker varsel.
Saman med innkallinga skal følgje:
·
Dagsorden
·
Underteikna
årsberetning
·
Underteikna
rekneskap med beretning frå revisor
·
Forslag
til kandidatar til val. Forslag på kandidatar må vere valkommiteen i hende /
poststempla seinast 4 veker før møtedato
·
Forslag
eller saker som medlemane eller styret vil fremje. Forslag frå medlemane må
vere styret i hende/poststempla seinast 3 veker før møtedato
Leiar vert valt av årsmøtet ved
særskilt val for 2 år.
Styremedlemane vert valt for 2
år og vararepresantantar for 1 år.
2 styremedlemar trer ut kvart
år, første gong ved loddtrekning.
Styret konstituerar seg sjølv.
Møte- og stemmerett i årsmøtet
har alle medlemar av klubben som har betalt kontingent for det år årsmøtet vert
halde.
Med medlem vert å forstå kun
person med gyldig medlemskap, dvs. betalt kontingent.
Årsmøtet kan berre handsama
saker som er nemnde i innkallinga.
Medlemane kan berre avgje stemme
ved personleg frammøte. Alle val skal vere skriftlege dersom eitt eller fleire
medlem krev det.
§
12 Ekstraordinært årsmøte
Ekstraordinært årsmøte vert det
innkalla til dersom styret finn dette naudsynt, eller minst 10% av medlemane
skriftleg krev dette.
Det skal innkallast til møtet
med minst 14 dagar varsel. I innkallinga skal det framgå dei saker som skal
handsamast på møtet. Ekstraordinært årsmøte kan berre handsame saker som er
nemnd i innkallinga.
For møte- og stemmerett gjeld samme reglar som for ordinært årsmøte.
§
13 Årsmøtet handsamer
Val av møteleiar, referent og to
medlemar til å signere protokollen, eventuelt tellekorps.
·
Årsberetning
·
Rekneskap
med beretning frå revisor
·
Budsjett
for neste år
·
Planar
for drift og aktivitet neste år
Val av
·
Leiar
·
4
styremedlem
·
1
vararepresentant
·
representantar
til NKK-regionen
·
revisor
·
valkommite
med vararepresentant
·
Andre
saker som er oppført på dagsorden
§ 14
Tillitsverv
Personar som er dømd for
dyremishandling etter ”Lov om dyrevern” (dyrevernlova) kan ikkje velgast eller
verte oppnemnd til tillitsverv i klubben.
§
15 Styret
Styret skal bestå av leiar, 4
styremedlemar og 1 vararepresentantar. Alle vert valt av årsmøtet.
Styret har ansvar for å:
a)
Leie klubben mellom årsmøta.
b)
Halde årsmøte
c)
Drive klubben i samsvar med
formålsparagrafen
d)
Gjennomføre beslutninger avgjort
av årsmøtet
e)
Oppnemne kommiteer eventuelt
redaktør og representanter for klubben
f)
Søke å koordinere sine
aktivitetar med andre klubber via den lokale NKK-regionen.
g)
Utarbeide retningslinjer for
komiteer og eventuell redaktør
h)
Velge sekretær og kasserar
innan- eller utanfor styrets midte
Styret kan gjere vedtak når
leiar eller nestleiar og minst 2 andre medlemar av styret er tilstades.
Styret vert sammenkalla når
fungerande leiar bestemmer eller når 2 av styremedlemane krev det. Det skal
førast protokoll over styremøta.
§
16 Valkommite
Valkommiteen består av 3
medlemar og inntil 1 vararepresentant. Valkommiteen vel sjølv laiar.
Valkommiteen tar imot og skal sjølv gjere framlegg på kandidatar til dei verv
som er ledige.
KAPITTEL
4
-
REVISOR
§
17 Revisor
Årsmøtet
vel kvart år revisor. Revisor reviderer rekneskapen og avgir beretning til
årsmøtet.
Revisor bør vere registrerte
revisor, eller vere person med kunnskap og erfaring i rekneskapsførsel.
KAPITTEL
5
-
DIVERSE BESTEMMELSER
§
18 Lovendring
Lovendring kan kun skje på
ordinært eller ekstraordinært årsmøte. Lovendring må vedtakast med minst 2/3
fleirtal. Lovene og endringar av desse må godkjennast av NKK før dei er
gyldige.
§
19 Stemmetal
Val av Æresmedlem, lovendring og
oppløying må skje ved 2/3 fleirtal (kvalifisert fleirtal)
Der ikkje anna er nemnd må avgjerd skje ved absolutt fleirtal.
§
20 Oppløysing
Klubben kan berre bli oppløyst
av ordinært årsmøte med minst ¾ fleirtal av dei avgjevne stemmene. Beslutninga
om oppløysing må stadfestast på ekstraordinært årsmøte med minst ¾ fleirtal.
Ved oppløysing av klubben
tilfaller klubbens midlar NKK for av denne å nyttast til å fremje dei nemnde
formål under § 2.
Definisjoner
·
Absolutt
fleirtal: Meir enn 50% av avgitte gyldige stemmer er for forslaget. Blanke
stemmer er gyldige stemmer
·
Kvalifisert
fleirtal: Meir enn spesifisert størrelse (eks. 2/3 fleirtal ved lovendring) er
for forslaget. Blanke stemmer er gyldige stemmer.