Velkommen til Sogndal og omland hundeklubb!

Historikk

SOGNDAL OG OMLAND HUNDEKLUBB:

Sogndal og omland hundeklubb blei skipa søndag den 24. mai 1981. Behovet for ein hundeklubb sa seg sjølv då det på den tida etterkvart hadde blitt mange og ivrige hunde-eigarar i området.  Som det går fram av namnet skulle hundeklubben ha geografisk dekning i  Indre Sogn, dette avdi det på den tida ikkje var andre hundeklubbar innanfor dette geografiske området.

Skipingsmøtet var på Sogndal hotell (no Quality Sogndal hotell), og den første leiaren i hundeklubben var Aud Øyre, og resten av styret besto av 3 kvinner og ein mann (kvinnekupp?).  Ved oppstarten hadde Sogndal og omland 30 medlemer.  Formålet med klubben var å fremje eit betre hundehald og å skape betre forståing for hundehald!

Det blei på dette møtet også beslutta å retta seg etter Norsk Kennel Klub sine vedtekter, noko som førde til at ein etterkvart blei oppteken som fullverdig medlem der.

Av aktivitetar starta ein opp med ”hundetreff” kvar tirsdag.  Ein av klubben sine medlemer stilte grunn til disposisjon på Kaupangerskogen (grasbana til Kaupanger fotball ligg der no)

Avdi klubben ikkje disponerte eigen instruktør krefter, blei det ein del utgifter på å leige inn eksterne instruktørar.  Dette gjaldt ikkje berre  innanfor vanleg lydigheitstrening, men også innanfor brukshund (spor, rundering og lavinehund)

Som ein aktivitet til medlemane, blei det arrangert felles fjellturar for medlemane, med annonse i lokalavisene.  Dette blei dårleg motteke av dei lokale saue-eigarane i området, noko som i ein periode førte til avisinnlegg både for og imot denne aktiviteten.

På midten av 80-talet var det innan klubben ei veldig aktiv gruppe innan lydighet.  Desse trena godt og reiste og deltok på lydighetsstemner, til tider med godt resultat. Av andre aktivitetar på denne tida var det ulike dressurkurs, brukshundkurs, sauereinhetskurs, hundesprint, felles utstillingsturar  og uoffisielle utstilling.  På det mest aktive var medlemstalet på  over 100! (pr 31. 12. 1986)

Men aktivitetsnivået i klubben har heile tida svinga veldig, dette avdi ein ikkje har hatt stabil tilgang på eigne instruktørkrefter innan klubben, og difor var ein avhengig av å heile tida leiga inn eksterne krefter.

Utover på 90-talet kom det til fleire andre hundeklubbar i området, både reine raseklubbar og vanlege hundeklubbar  med sine eigne  geografiske avgrensa områder.  Dette påvirka sjølvsagt både medlemstalet, og aktiviteten innan klubben.   Sogndal og omland hundeklubb sitt geografiske nedslagsfelt blei over tid endra til kun å dekke  kommunane Leikanger og Sogndal, men med enkelte medlemer også  utanfor dette området.

Tilhaldsstad for Sogndal og omland hundeklubb har etterkvart blitt i området rundt travbana på Kaupangerskogen, og der blei det avvikla jubileumstilstelning, laurdag den 13. mai 2006.  Sogndal og omland hundeklubb feira då sine 25 år!

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

10.12 | 19:46

vert det arrangert kvalpekurs i vinter vår?har ein kvalp på 3 månader eg kunne tenkt meg å vert på kurs med:)

...
31.10 | 13:33

Hei - da kommer det to whippeter, GoGo og Gaya, på treningen i kveld.

...
17.10 | 09:35

I dag er vel første treningskveld i høst ja :)

...
17.10 | 09:32

hei - er det trening/treff i ridehallen i kveld?

...
Du liker denne siden