FOR
SOGNDAL OG OMLAND HUNDEKLUBB
Vedteke på ekstraordinær generalforsamling 01.06.2006,
Gjeldande frå 01.01.2007
KAPITTEL 1
-
NAMN OG FORMÅL
§ 1 Namn
Klubben sitt namn er Sogndal og Omland Hundeklubb. (Her forkorta til SOOH).
§ 2 Tilknytning
SOOH er medlemsklubb i Norsk Kennel Klubb (NKK).
§ 3 Formål
Klubben sitt formål er å innafor kommunane Sogndal og Leikanger
a)
fremje eit godt og ansvarleg hundehald i samfunnet
b)
fremje muligheitene for aktivitet med hund
c)
skapa eit godt miljø og forståing for hundehald
d)
ivareta medlemane sine felles interesser
KAPITTEL 2
- MEDLEMSKAP
§ 4 Medlemskap
Alle uberykta personer kan verte medlem av klubben. Styret kan nekte å ta opp som medlem personar som ein antar kan skade klubben og/eller hundesaka.
§ 5 Medlemskontingent
Kontingenten vert fastsett av årsmøtet etter forslag frå styret.
Medlem har ingen rettigheiter før kontingenten er betalt.
Styret kan stryke som medlem personar som er skuldig kontingent for meir enn eitt år.
§ 6 Medlemane sine plikter
Medlemane er forplikta til å følgje klubben sine lover, reglar og retningsliner. Medlemane forplikter seg også til å opptre på ein slik måte at klubben sitt formål og anseelse vert fremja.
Medlemskontingenten skal vere klubben i hende i rett tid. Medlem som ikkje har betalt skuldig kontingent eller som ikkje har regulert anna mogleg gjeld i høve klubben til rett tid, kan ikkje påberope seg rettigheiter i klubben.
§ 7 Opphør av medlemskap
Medlemskap i klubben opphører ved:
a)
utmelding
b)
strykning beslutta av klubben sitt styre på grunn av manglande kontingentbetaling og/eller anna uregulert gjeld til klubben
c)
Strykning på grunn av manglande betaling av grunnkontingent til NKK
d)
Vedtak om strykning av medlemskap beslutta av klubben sitt styre
e)
Vedtak om strykning av medlemskap i klubben beslutta av NKK sin Disiplinærkomite
f)
Vedtak om eksklusjon beslutta av NKK sin Disiplinærkommite. Medlemskap opphører da i alle NKK sine medlemsklubber.
§ 8 Disiplinære reaksjoner (
felles for alle klubber)
Personar som er ekskludert utan tidsbegrensning av NKK sin disiplinær kommitè kan ikkje takast opp som medlem igjen i nokon klubb utan disiplinærkommiteen si skriftlege aksept på dette.
Klubben sitt styre kan advare, anmode om å uttre, utelukke for begrensa tid eller stryke eit medlemskap for begrensa eller ikkje begrensa tid.
Strykning av medlemskap må avgjerast med minst ¾ fleirtal av fulltallig styre.
Personar som er nekta å takast opp eller stroke som medlem kan anke vedtaket inn for NKK sitt Appellutval. Anken må sendast seinast 14 dagar etter at vedtaket skriftleg er meddelt vedkommande. Den som anker må også erklære at avgjerdsla i Appellutvalet vert godteke som endeleg og inappellabel.
Styret har plikt til å gjere merksam på ankeinstansen, tidsfrist og at Appellutvalet si avgjerd er endeleg og bindande.
§ 9 Æresmedlem
Styret kan på årsmøtet foreslå at medlemar som er særleg fortjent kan utnemnast til æresmedlem i klubben. Avgjerd om æresmedlemskap må vedtakast med minst 2/3 fleirtal (kvalifisert fleirtal) av dei avgjevne stemmer og votering må skje utan debatt. Æresmedlem betalar ikkje kontingent til klubben.
Styret kan påskjønne personar som har ytet klubben spesielt store tenester i ei særskilt sak eller på eit særskilt felt. Desse vert tildelt heidersteikn.
KAPITTEL 3
- ORGANISASJON
§ 10 Klubben sine organer
a)
Årsmøtet
b)
Ekstraordinært årsmøte
c)
Styre
d)
Valkomite
§ 11 Årsmøte
Ordinært årsmøte skal haldast kvart år innan 1.mars. Styret skal sende innkalling til ordinært årsmøte til medlemane med minst 3 veker varsel.
Saman med innkallinga skal følgje:
·
Dagsorden
·
Underteikna årsberetning
·
Underteikna rekneskap med beretning frå revisor
·
Forslag til kandidatar til val. Forslag på kandidatar må vere valkommiteen i hende / poststempla seinast 4 veker før møtedato
·
Forslag eller saker som medlemane eller styret vil fremje. Forslag frå medlemane må vere styret i hende/poststempla seinast 3 veker før møtedato
Leiar vert valt av årsmøtet ved særskilt val for 2 år.
Styremedlemane vert valt for 2 år og vararepresantantar for 1 år.
2 styremedlemar trer ut kvart år, første gong ved loddtrekning.
Styret konstituerar seg sjølv.
Møte- og stemmerett i årsmøtet har alle medlemar av klubben som har betalt kontingent for det år årsmøtet vert halde.
Med medlem vert å forstå kun person med gyldig medlemskap, dvs. betalt kontingent.
Årsmøtet kan berre handsama saker som er nemnde i innkallinga.
Medlemane kan berre avgje stemme ved personleg frammøte. Alle val skal vere skriftlege dersom eitt eller fleire medlem krev det.
§ 12 Ekstraordinært årsmøte
Ekstraordinært årsmøte vert det innkalla til dersom styret finn dette naudsynt, eller minst 10% av medlemane skriftleg krev dette.
Det skal innkallast til møtet med minst 14 dagar varsel. I innkallinga skal det framgå dei saker som skal handsamast på møtet. Ekstraordinært årsmøte kan berre handsame saker som er nemnd i innkallinga.
For møte- og stemmerett gjeld samme reglar som for ordinært årsmøte.
§ 13 Årsmøtet handsamer
Val av møteleiar, referent og to medlemar til å signere protokollen, eventuelt tellekorps.
·
Årsberetning
·
Rekneskap med beretning frå revisor
·
Budsjett for neste år
·
Planar for drift og aktivitet neste år
Val av
·
Leiar
·
4 styremedlem
·
1 vararepresentant
·
representantar til NKK-regionen
·
revisor
·
valkommite med vararepresentant
·
Andre saker som er oppført på dagsorden
§ 14 Tillitsverv
Personar som er dømd for dyremishandling etter ”Lov om dyrevern” (dyrevernlova) kan ikkje velgast eller verte oppnemnd til tillitsverv i klubben.
§ 15 Styret
Styret skal bestå av leiar, 4 styremedlemar og 1 vararepresentantar. Alle vert valt av årsmøtet.
Styret har ansvar for å:
a)
Leie klubben mellom årsmøta.
b)
Halde årsmøte
c)
Drive klubben i samsvar med formålsparagrafen
d)
Gjennomføre beslutninger avgjort av årsmøtet
e)
Oppnemne kommiteer eventuelt redaktør og representanter for klubben
f)
Søke å koordinere sine aktivitetar med andre klubber via den lokale NKK-regionen.
g)
Utarbeide retningslinjer for komiteer og eventuell redaktør
h)
Velge sekretær og kasserar innan- eller utanfor styrets midte
Styret kan gjere vedtak når leiar eller nestleiar og minst 2 andre medlemar av styret er tilstades.
Styret vert sammenkalla når fungerande leiar bestemmer eller når 2 av styremedlemane krev det. Det skal førast protokoll over styremøta.
§ 16 Valkommite
Valkommiteen består av 3 medlemar og inntil 1 vararepresentant. Valkommiteen vel sjølv laiar. Valkommiteen tar imot og skal sjølv gjere framlegg på kandidatar til dei verv som er ledige.
KAPITTEL 4
- REVISOR
§ 17 Revisor
Årsmøtet vel kvart år revisor. Revisor reviderer rekneskapen og avgir beretning til årsmøtet.
Revisor bør vere registrerte revisor, eller vere person med kunnskap og erfaring i rekneskapsførsel.
KAPITTEL 5
- DIVERSE BESTEMMELSER
§ 18 Lovendring
Lovendring kan kun skje på ordinært eller ekstraordinært årsmøte. Lovendring må vedtakast med minst 2/3 fleirtal. Lovene og endringar av desse må godkjennast av NKK før dei er gyldige.
§ 19 Stemmetal
Val av Æresmedlem, lovendring og oppløying må skje ved 2/3 fleirtal (kvalifisert fleirtal)
Der ikkje anna er nemnd må avgjerd skje ved absolutt fleirtal.
§ 20 Oppløysing
Klubben kan berre bli oppløyst av ordinært årsmøte med minst ¾ fleirtal av dei avgjevne stemmene. Beslutninga om oppløysing må stadfestast på ekstraordinært årsmøte med minst ¾ fleirtal.
Ved oppløysing av klubben tilfaller klubbens midlar NKK for av denne å nyttast til å fremje dei nemnde formål under § 2.
Definisjoner
·
Absolutt fleirtal: Meir enn 50% av avgitte gyldige stemmer er for forslaget. Blanke stemmer er gyldige stemmer
·
Kvalifisert fleirtal: Meir enn spesifisert størrelse (eks. 2/3 fleirtal ved lovendring) er for forslaget. Blanke stemmer er gyldige stemmer.